No title
Abstract in Norwegian Vokativfrasar, her definerte som (nominal)frasar som refererer til adressaten for ei ytring utan å vera eit syntaktisk argument i ytringa, kan ha identifiserande eller predikerande funksjon eller markere eit trekk i samtalen. Vokativane kan vera frittståande frasar eller integrerte i ei setning, der dei i norsk blant anna kan stå i ein øyremerkt posisjon i venstreperiferien.
